tirsdag 8. februar 2011

General Masekopp

No må de stå opp!

Dagens første kommando begynner i 7-tida. Eg er sjølv både B-menneske og har tendensar til å vere morgongretten, så ungar som ikkje står opp ved første innkalling er ein direkte provokasjon.

No må de STÅ OPP!

Sjølv sprett eg motvilleg ut av senga og har frukosten klar til dei små håpefulle (eller til tider håplause) entrar kjøkkenet. Matboksane står klar til å bli fylte, brødet er nybaka og oppskore, bordet bugnar av sunt og godt pålegg, i tillegg til Minstemanns obligatoriske Nugatti.

No MÅ de stå opp!

Ein etter ein kjem dei ned trappa, set seg til bords og får sine instruksar. Lag niste, et frokost, ta på deg reine klede... Lista er lang. To dagar i veka må eg forlate åstaden før ungane, og då er det meir som må hugsast. Lyset, maten, låsing av døra, badeklede, ferjepengar og uteklede. Sidan opp til fleire av dei er noko distré, medan andre har ein overutvikla sans for rettferd, får kvar og ein sine personlege ansvarsområde.

Så kjem sanninga for ein dag. Måndag er langdag med middagsdate og ballett i Ørsta, og Storegut måtte hentast før vi fann vegen heim nærare 21.00. Der var døra ulåst, og på kjøkkenbordet stod alt pålegget, mjølka og juicen frå frokosten. Mykje av maten måtte kastast, og det var ikkje første gongen.

Er det nødvendig å vere så sur?

Det er ein av ungane som spør. Og eg tek meg saman. Ryddar kjøken, kastar mat, dekkjer på att og lagar kveldsmat.

Så er det klar for - ja, de har vel allereie gissa det.

No må de legge dykk!

Jammen, dei har ikkje gjort ferdig leksa. Fram med bøkene, lese gjennom, kommentere og rose.

No må de LEGGE DYKK!

Nokon ventar på at nokon andre skal bli ferdige med eitt-eller-anna, og dessutan er det noko spennande på TV og Mamma må få høyre om noko som har skjedd...

No MÅ de legge dykk!

Det vert endeleg stille, sjølv om gullungane neppe søv enno. Gamla set seg ned med dataen og koplar av med litt blogglesing og denslags. Ikkje lurt. For andre mødrer får det så godt til, dei har "verdas beste" sambuarar, "verdas skjønnaste" ungar, tusen fantastiske "bestevennar" og er så lukkelege at det ikkje er måte på. Dei kosar seg, styrer med interiør, handarbeid og matlaging, bestiller Sydenturar til familien - ja, det er visst berre eg i heile verda som er totalt mislukka både som mor og husmor. Som heller burde ha vurdert ein karrière i Gestapo (synd dei er nedlagt?) eller som befal i militæret. Eller kanskje manglar eg naturleg autoritet, så det ville ha blitt det same der.

"Giv akt"!

"Giv AKT", sa eg!

No MÅ de gi akt!

2 kommentarer:

  1. "Trøst" deg med at ein dag har dei den rolla du har no. Då kan du ligge til middag,om du vil, og elles bestemme over din eigen dag. Då får du pengar inn på kontoen utan å løfte ein finger og du har ingen å mase på. Matbudsjettet er ikkje som det eingong var...osv.Det er berre ein hake ved det: Då er du GAMMAL!

    SvarSlett
  2. Det høyrest heilt normalt ut, ja.

    SvarSlett