tirsdag 15. februar 2011

Handlenett og netthandel - eg lærer aldri

Når eg handlar daglegvarer, blir eg alltid litt flau når eg ber om ein pose eller to til å ha varene i. Eg har nemleg ei større samling slike posar heime, og eg tenkjer ofte at eg burde ta med ein pent brukt pose til butikken for å spare miljøet for søppel. I ettermiddag hadde eg ein liten rydderazzia etter at eg kom heim med nok eit handlenett, kjøpt på ein butikk der eg tidlegare har kjøpt to tøynett til å ha varer i (skal tru kvar dei er?), og eg fylte to handlenett med andre handlenett. Det eine skal eg rett og slett kaste, sidan det kanskje ikkje er håp for meg når det gjeld gode intensjonar kombinert med plastemballasje.

Ei anna svakheit gjorde seg gjeldande i kveldinga, medan Minstemann og eg kosa oss med teiknefilm og Tysdagskos (og då meiner eg ikkje sjokoladen vi trykte i oss). Eg er på utkik etter ein film frå Afrika, til å vise i internasjonal engelsk, og så skulle eg berre sjekke om eg fann nokre aktuelle titlar. Etter ti minutt hadde eg sendt ei bestilling til CDON, der eg truleg vert rekna som VIP-kunde snart. Snart får eg pakke i posten med lydbok, barnefilm, damefilm og konsertopptak. Ja, og så ein film om Afrika, då...

2 kommentarer:

  1. Ja, mykje dett i handlekorga både her og der ...

    SvarSlett
  2. Netthandel har eg ikkje slått inn på enno, men kanskje det er kjekkare enn å gå rundt og kike i kjedelige butikkar. Er SÅ lei av Amfi.

    SvarSlett