mandag 28. februar 2011

Måndag på Melshornet (807 moh)

Første vinterferiedag skulle Barnefaren vere vakt på skisenteret Reset, og han fylte opp bilen med eigne og andre sine ungar. Etter å ha kjørt Eldstejenta til og frå Ørsta, tok også eg turen til Reset. Minstemann har no fått full kontroll på trekket og i bakkane der, så no må eg gå aleine på tur. Eg gjekk oppover turløypa, men sette etter kvart frå meg skia og gjekk på beina til toppen av Melshornet.





Ein strålande dag med sol og fleire plussgrader!

5 kommentarer:

  1. Sprekt gjort! Finare føre og ver kan ein vel ikkje få!

    SvarSlett
  2. Faktisk har eg også vore på toppen av Melshornet ein gong-hugsar du den turen? Kan vere kjekt å sjå Melshornet frå ein annan vinkel enn den frå altanen vår. Godt eg ikkje visste at du var der, for eg er redd for skavlane. Det håper eg du også er?

    SvarSlett
  3. Fine bilde frå toppen! Kan vere kjekt for blogglesarane å sjå fjellet frå ein annan vinkel enn frå altanen vår. Eg har vore der EIN gong, du hugsar vel den turen?Du passa deg for skavlane?

    SvarSlett
  4. Skreiv ein kommentar i går, den er ikkje komen med. Kjempefine bilde! Eg har vore på Melshornet ein gong. Du hugsar vel den turen?Lett tur å går frå Reset viss det er skare, slik det var den gongen.Det ein må passe seg for er skavlane på toppen, men deet veit du vel?

    SvarSlett