lørdag 26. februar 2011

Lat laurdag

I dag skulle dei to små i selskap heile kvelden, og Veslejenta forsvann ut døra temmeleg tidleg. Storegut var på overnatting hos ein kompis, så Minstemann og eg hadde ein stille og roleg innedag.

Eg har berre ein bunke å rette i ferien, men den blir dryg. 18 elevar har levert inn svar på 136 spørsmål til romanen "Slumdog Millionaire", som vi nyleg har lese. Det skulle bli noko slikt som 2448 svar å lese gjennom, rette og kommentere. Første innlevering tok det over 50 minutt å rette, og den var på 20 sider. Den andre var kortare, men der var fleire skrivefeil å kommentere. Det kan bli ein seig bunke...

Etter å ha henta Storegut, laga middag og levert Minstemann i selskap, gjekk Storegut og eg tur i nesten to timar. Det er framleis mildt og berre litt regn, så det er fint å gå på dei isfrie vegane. Eg set stor pris på å gå slike turar saman med ein av ungane, for det gir eit godt høve til å snakke om laust og fast. Med fire i flokken er det nesten ein luksus å få vere aleine med ein, og det er oftast den eldste eller den yngste som nyt slike privilegium.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar