søndag 20. oktober 2013

Bok 64 2013: "Stay Close" av Harlan Coben

Det er viktig å halde engelsken sin ved like, og eg plar lese ein del lette samtidsromanar også på grunn av den språklege interessa. Denne krimromanen fekk eg i hende fordi nokon andre hadde kjøpt den, og så passa det å lese noko av den på ein flytur. Det var såleis noko tilfeldig at eg las den akkurat no, men eg angrar ikkje.

Historia tek føre seg nokre personar som alle har noko uoppgjort i fortida. Ein av dei er paparazzi-fotograf, ei anna tidlegare strippar men noverande A4-mor. Gradvis kjem vi inn i ei seriemordarhistorie som er temmeleg enkel, men likevel ikkje så føreseieleg som ein skulle tru.

Harlan Coben er god til å skape tydelege karakterar, noko eg finn spesielt viktig i kriminallitteratur. Faren er at personane blir stereotypar, men eg synest han balanserer dette utmerka. Av og til passar det å lese noko lett og underhaldande, og denne romanen er såpass spennande at ein blir fanga i illusjonen og gløymer at ein les på engelsk og skulle ønske flyturen var litt lengre.

1 kommentar:

  1. Eg las den på stranda i Ostia. Heretter skal Coben lesast berre på engelsk. Eg har ei til liggande. Den fann er ikkje fullt så fengande, men absolutt spennande.

    SvarSlett