Kommunen har stor gjeld og manglar pengar til å betale ned denne, i tillegg til ordinær drift av tenester. Torsdag kom ei handfull politikarar og byråkratar over fjorden for å forklare ein fullsett sal kvifor det er bygdeborna som må lide for dette.
Mange sambygdingar hadde gode og poengterte innlegg der dei peika på følgjer ei slik flytting av ungdomsskulen vil få for kvardagen til ungane. Det er til dømes lagt opp til at skuleskyssen skal frakte ungdomane til ferjekaia, men at dei skal måtte gå til skulen på den andre sida. Dette vil føre til at skuldedagen vert forlenga ein halvtime både før og etter skuletid. Dei skal dessutan plasserast i allereie eksisterande klassar i Volda sentrum, der ein då får fulle klassar på om lag 30 elevar, i eit gammalt, overfylt og svært dårleg skulebygg. Dette kjennest ekstra meiningslaust, i og med at skulen vår er nyoppussa og har god plass - også til ein flokk sentrumsungdomar, dersom det hadde blitt tenkt i dei banar.
Politikarane innleidde med å seie at dei ville nå 21.15-ferja heim, noko som førte til latter i salen. Innleier dei møta i Volda sentrum med å seie at dei skal avslutte slik at bygdefolket skal nå ei ferje?
Slike truslar om omleggingar fører til pessimisme, og det kan før til at unge familiar ikkje torer å busetje seg på bygda. Ei skulenedlegging i tillegg til det forringa ferjetilbodet vil føre til at livet for familiar på denne sida av fjorden både blir meir tungvint og mindre oversiktleg. Spørsmålet då blir kor lenge vi greier å halde på idealismen som må til for å takle dette.
Ikkje gi dokke! Du som er skrivefør, og dertil eigar av fotoapparat, bør skrive ein lang og velgrunna artikkel i Møre, der du mellom anna kjem inn på at det like gjerne kan sendast elevar den andre vegen-frå sentrum. Det vart foreslått ein gong , her i Ørsta, å sende sentrumselevar til Lystad skule, det var som om dei skulle reise til månen! Og tenk på kor kort veg DET er. Stå på!
SvarSlett