torsdag 10. oktober 2013

Ragnarok og kebab





I dag stakk vi innom McDonald's og kjøpte donuts og smoothies før vi gjekk på kino og såg "Gåten Ragnarok". Det er ein av dei dårlegaste filmane eg har sett på lenge, i alle fall når det gjeld historia, som var føreseieleg og syltynn. Artig og underhaldande var det, men nesten parodisk til tider.

Etter filmen gjekk vi på Egon og åt kyllingkebab. Det er eit mål for meg å få i jentene mykje mat, la dei få bli kjende i byen og kose seg maksimalt.

2 kommentarer:

  1. Ja, du er no lokalkjend etter to skuleår i staden, men tippar eitt eller anna har endra seg? Å mate ungane sine, ligg latent (?) i alle mødrer.

    SvarSlett
  2. Ganske mykje er endra, mellom anna er her langt fleire utestadar og restaurantar. Det må ha skjedd siste ti åra, for eg har no vore her på ferie utan å ha sett at det er så store endringar. Bygningane er mykje dei same, mellom anna møtte eg til første dag på høgskulen på same kinoen vi såg film i i dag.

    SvarSlett