onsdag 11. juni 2014

Om ur og avstemming

I dag var eg sensor for håpefulle elevar som skulle ha munnleg eksamen i norsk. Alle verka nøgde både med eigen innsats og resultatet etterpå, så eg trur jobben var ok utført. I mellomtida hadde nokre av mine eigne "barn" fått melding om at dei kom opp i munnleg, så no får eg (og dei, sjølvsagt) to travle dagar med denslags arbeid. Fri-onsdagen min gjekk tapt, men det var som venta i desse travle tidene på jobb. Innspurt mot skuleferie er hektisk, spesielt når ein har avgangselevar.

På Utdanningsforbundet si heimeside opna i dag uravstemminga, der medlemene skal stemme om dei godtek forslaget til ny arbeidstidsavtale eller ikkje. For oss i vgs vil det seie om lag 8 timar i veka meir "kontortid". Nokon vil tydelegvis at lærarar skal arbeide kontortid, utan at arbeidet skal leggast om på nokon måte. Problemet er at vi lærarar ser at jobben av og til tek langt meir tid enn ei normal arbeidsveke, og at vi då jobbar både kveld og helg for å få unna bunkane. Dette får vi ikkje overtidsbetaling for, men vi ser det som ein enorm fordel å kunne ha ei slik fleksitid.

Eg vil elles påstå at eg aldri er mindre kreativ enn når eg sit ved pulten min på jobb og planlegg undervisningsopplegg, og at mine beste idéar ofte kjem på fjelltur, under husvask eller medan eg ser ein film om kvelden heime. Eg reknar ikkje det som jobb med timelister og liknande, noko eg heller ikkje gjer dersom eg svarar på meldingar og mailar i fritida mi. KS unner meg ikkje fridomen til å vurdere sjølv kva som er mest føremålsteneleg, men vil la meg "sitte igjen" på jobb og kanskje fylle opp dagane mine med supperådsmøte og nye prosjekt slik at eg må ta att arbeid på fritida likevel.

Eg likar jobben min. Eg har gode kollegaer og kjekke elevar. Eg planlegg undervisning og rettar prøvebunkar når eg har tid og er opplagd til det, og det vil eg halde fram med.

Det vart eit enkelt val.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar