torsdag 12. juni 2014

Bok 46 2014: "Edens have" av Ernest Hemingway

Då eg plukka med meg denne boka heim, var det på grunn av forfattarnamnet. Tittelen var totalt ukjend for meg, men etterpå har eg funne ut at romanen aldri vart heilt ferdig, og at den vart bearbeidd og publisert posthumt i 1986.

David og Catherine er eit ungt, nygift par som er på reise i Europa. Dei nyt livet og kvarandre, heilt til David får glimrande kritikkar og dermed stor suksess med romanen har gjeve ut. Catherine vert sjalu både på suksessen og den vidare skrivinga, og finn på stadig nye og sjokkerande ting for å få merksemd frå mannen. Ho endrar karakter og blir stadig meir androgyn, og ein dag bringer ho ei kvinne til inn i forholdet mellom seg og ektemannen, eller "Edens hage", om ein vil. Framferda deira kan sjå ut som rein nyting, men underforstått ser ein konturane av dei sju dødssyndene.

Undervegs i boka finn ein passasjar om skriveprosessen, der hovudpersonen vil skrive om faren sin, og om elefantjakt i Afrika. Desse delane er meir typisk Hemingway, medan resten av boka er nesten slitsomt opphengd i dekadanse.

1 kommentar:

  1. Lurer på om eg har lese den boka ein gong? Høyrest ikkje særlig fristande ut.

    SvarSlett