mandag 9. juni 2014

Bok 45 2014: "Skogen" av Tana French

Tana French er ein amerikansk-irsk kriminalforfattar, og dette er debutromanen hennar. Eg begynte å lese utan å vite noko om forfattaren, og lenge var eg begeistra for forteljinga og forteljemåten.

Adam Robert Ryan er ein irsk gut som opplever at to av venene forsvinn i skogen medan han sjølv ikkje hugsar noko av hendinga. Tjue år seinare vender han attende til heimtraktene som kriminalbetjent Rob Ryan, då eit nytt barn er funne drept i den same skogen.

I utgangspunktet syntest eg boka var spennande, men så flata det lenge ut før slutten kom, og nokre hendingar framleis hang noko i lause lufta. Eg skal ikkje røpe noko av løysinga, men eg føresåg mykje av den. Det er ikkje noko kvalitetsteikn.

1 kommentar:

  1. denne boka har eg sett på biblio mange gonger, og eg trudde eg hadde lese den. No har eg sjekka bloggen og finn den ikkje der. Derimot fann eg boka "Den skogen"-som eg likte veldig godt.

    SvarSlett