lørdag 28. juni 2014

Kvalitetsnerdetid i Trondheim for mor og son

Laurdag morgon var Minstemann og eg på plass i byen då muséa opna. Vi hadde valt ut "NTNU Vitenskapsmuseet" og "Vitensenteret i Trondheim", og etter fem timar hadde vi verkeleg fått ulysta oss på historie og naturfag i alle tenkjelege variantar. I byen var det mykje som skjedde av musikalsk art, men Minstemann var mildt sagt uinteressert. I staden for å sjå på folkelivet og høyre på korpsmusikk i gatene, gjekk vi derfor tur opp på Kristiansten festning og såg på utsikta over byen derifrå.













2 kommentarer:

  1. Det museet har ikkje vi vore på!
    Eg jar vorte ekte interessert i historie dei siste åra. Det å sjå kor folk levde før, gjer ein takknemmleg for at ein lever no!

    SvarSlett
  2. Vitenskapsmuseet hadde mellomalderutstilling, utstoppa dyr og utstillingar om arkeologi og 1814. Vitensenteret var eit meir interaktivt senter der ein fekk prøve ut ulike aktivitetar som hadde med fysikk å gjere. Guten var svært ivrig, og eg trur kanskje han lærte ein del òg.

    SvarSlett