tirsdag 24. november 2015

Minstemann 12 år

I dag vart husets store filosof og trommis 12 år.

Minstemann vart fødd natt til måndag, og eg hugsar at eg hadde ete pinnekjøt til søndagsmiddag. Eg var ti dagar på overtid, og svangerskapet hadde vore tungt og slitsamt. Babyen var middels stor og heilt frisk, men dei neste månadene skreik han og måtte byssast om nettene. Eg tilbragte nettene sitjande i ein stressless i stova den vinteren, for at han ikkje skulle vekkje resten av huslyden.

All skrikinga og søvnmangelen gjorde at oppdragelsen vart noko annleis enn for søskena. Minstemann fekk det omtrent som han ville både med søvn og mat, også etter at han vart større. Ingen andre i heimen har ete så usunt, til dømes.

Dei tre eldste har spelt fotball og dansa, men Minstemann har ikkje hatt interesse for slikt. Han har hatt ein lidenskap om gongen, som til dømes då han gjekk i cowboyhatt i to år og seinare lærte seg 25 ulike slipsknutar. 1 1/2 år gamal kunne han dei fleste traktormerka, og året etter kunne han bilmerke. For eit par år sidan bygde han seg eit trommesett av diverse emballasje og gaffatape, og for 1 1/2 år sidan kjøpte han seg slagverk, som det meste har dreia seg om seinare.

Minstemann er musikalsk, skuleflink og veslevaksen på mange vis, og han og eg kan ha djupe filosofiske samtalar når vi går tur. Eg er uendeleg glad i guten min, som eg sjølvsagt er i alle fire ungane, og det er ei enorm glede å følgje dei på vegen mot vaksenlivet.

Gratulerer med dagen!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer!
    Det er kjekt at alle er ulike!
    Du veit meir om det å vere yngst enn det eg gjer!

    SvarSlett
  2. Trur det same gjeld i dei fleste familiar-den eldste får mest "oppdragelse"- den yngste minst.(Men vert ikkje mindre "veloppdragen" av den grunn).

    SvarSlett