Jonas Lie var tidlegare rekna som ein av dei "fire store" realistiske forfattarane frå slutten av 1800-talet, men plassen hans i den litterære kanon er mildt sagt utrygg. Personleg har eg hatt ein teori om at det kunne skuldast barnebarnet ved same namn, som var nazist. Eg hugsar at eg las "Familien på Gilje" som ei av bøkene til særemnet mitt i førre årtusen, og no fall eg for freistinga til å lese nok ei bok av forfattaren - mest for å sjå om han burde verte medrekna blant dei store att.
"Losen og hans hustru" er i og for seg ei god historie om eit ungt par som får kvarandre etter ein del forviklingar, der ho mellom anna vert trulova med ein annan. Boka startar lenge etter dette har skjedd, og temaet er den mistrua som ligg mellom ektefellane.
Historia er god, men komposisjonen drep det meste av spenninga. Slutten vert dessutan noko "tam" i høve til resten, som er skikkeleg dramatisk og har psykologisk botn. Ein lever seg verkeleg inn i kjenslene til dei to ektefellane. Sjølve kjærleikshistoria vert føreseieleg i og med at boka startar seinare ute i liva til paret, og det vert litt masete med forteljaren, som er til stades og kommenterer "når vi så møter igjen den unge mannen...". Dette er noko utdatert, og heller ikkje så elegant gjort. Etter mitt syn ligg Lie på fjerdeplass av dei "fire store", og kan med fordel erstattast av Amalie Skram.
mandag 31. oktober 2016
torsdag 27. oktober 2016
Bok 87 2016: "Våren kommer til Tyrsta" av Margit Söderholm
Denne boka handlar mest om unge Wilhelm, nevø av Will, som vi møtte mykje i førre bok. Wilhelm er bekymra for sin eldre bror Jacques, som har arva Tyrsta. Jacques har opparbeidd seg enorm gjeld, men garden forfell. Verken Jacqus eller kona er spesielt interesserte i skikkane på Tyrsta, og dei behandlar husmenn og tenestefolk dårleg. Wilhelm gremmar seg over alt dette, men må likevel akseptere at broren er arving, medan han sjølv må gifte seg til pengar. Oppvakte lesarar har kanskje allereie gissa kva utfallet blir...
Onkel 75
Onkelen min som brudgom tidleg på 60-talet. |
Takk for laget!
mandag 24. oktober 2016
Bok 86 2016: "Sommer på Hellesta" av Margit Söderholm
I denne boka har Will blitt enkjemann, noko han synest er stusseleg. Han har fleire kvinner som er interesserte i han, men vil han ende opp med å gifte seg med nokon av dei? i tillegg til denne enkle hovudhistoria følgjer vi livet blant familiane til Will og Carl vidare. God underhaldning, og litt å tenkje på når det gjeld kvinnene si stilling i denne romanen òg.
søndag 23. oktober 2016
Sagesetra
Med tre ungdomar i hus blir det ikkje noko tidleg avreise, så i dag vart det berre ein liten rusletur i nydeleg haustsol frå parkeringsplassen på Tua og inn til Sagesetra før middag. Vi gjekk verken langt eller bratt, men eg synest det beste er å gå alle ilag, prate og kose oss.
Etiketter:
Charlie,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
Storegut,
tur,
Veslejenta
Bok 85 2016: "Verdens beste bygd" av Arto Paasilinna
Eg blir alltid glad når eg finn ei Paasilinna-bok eg ikkje har lese tidlegare, men sant å seie er dei sjeldan gode. Dei første eg las var langt betre enn dei som seinare har blitt lese inn på norsk lydbok. Når det er sagt: denne boka begynner bra. Ein gamal kyrkjebrennar bestemmer på dødsleiet at han vil testamentere all eigedomen sin til bygginga av ei kyrkje. Dette er eit morosamt og passeleg absurd utgangspunkt for ei bok, men så tek det heilt av med tredje verdskrig og verdas undergang og eg veit ikkje kva. Kan hende er dette så subtil samfunnskritikk at eg ikkje skjønar anna enn små glimt, med små stikk til EF og USA, til dømes, men i tilfelle går det meg hus forbi.
lørdag 22. oktober 2016
Kunstutstilling i Ørsta: Ingeborg Lystad
88 år gamle Ingeborg Lystad er ei kvinne eg har kjent i over tretti år, og som eg har stor sans for både som menneske og kunstnar. Ho arbeidde i mange år som fotograf, først saman med mannen Olav, og deretter saman med to av borna sine på Fotograf Lystad A/S, som var eit kombinert fotoatelier og fotobutikk. No vert nokre av verka hennar utstilte i Ørsta, og i dag tok mine to yngste og eg oss ein tur dit. Der var mange flotte bilete i ulike teknikkar, og for meg er det lett å sjå føre meg korleis Ingeborg har sete og kosa seg med dei ulike motiva og teknikkane. Veslejenta tok bilete med mobilen sin, berre så de skulle få eit visst inntrykk. Utstillinga kan anbefalast - også fotoutstillinga i andre etasje.
tirsdag 18. oktober 2016
Bok 84 2016: "Dei som flyktar og dei som blir" av Elena Ferrante
Forlaget skriv:
"I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.
Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.
Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre."
Eg likte betre dei to første bøkene i serien, men er sjølvsagt spent på korleis det går i den fjerde boka...
mandag 17. oktober 2016
Bok 83 2016: "Berlin - nederlaget 1945" av Antony Beevor
Denne bestseljaren fortel om slutten av andre verdskrig. Sentralt står dei siste dagane til kjende tyske politikarar, men òg om tallause valdtekter utførte av sovjetiske soldatar mot tyske kvinner. Eg sit att med kjensla av at Beevor bevegar seg noko inn i klisjéverda og bort frå reine fakta, men han har fått god krtikk for verka sine - ikkje minst for denne. Interessant er det uansett.
søndag 16. oktober 2016
Brundalen
Søndag gjekk vi tur frå Lisjedalen og opp til Brundalen, rundt vatnet og ned skogsvegen til geildalen, der vi gjekk over til Lisjedalen att. denne runda er ein av favoritt-turane mine i nærmiljøet, og det var nok ein nydeleg haustdag, sjølv om det skya over etter kvart.
Etiketter:
Charlie,
hund,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
Helgedalen i Vanylven
Laurdag la vi ut på ein lengre tur til Åheim i Vanylven. Vi køyrde framover mot Almklovdalen og gjekk derifrå til "Juvéldalen" ved Helgehornvatnet. Det var rett og slett ei fantastisk oppleving, der vi fekk sjå ymse sjeldne steinar og bergartar i naturreservatet, men òg slappe av i sola nede på ei lite strand ved vatnet. Ein nydeleg haustdag med opplevingar heilt utanom det vanlege!
Granatperiodotitt |
Etiketter:
Charlie,
hund,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
fredag 14. oktober 2016
Bok 82 2016: "Jul på Hellesta 2" av Margit Söderholm
I del 2 følgjer vi dei same personane som i den første delen, den same jula. Det er framleis dei unge borna til Willog Carl som er i fokus. men òg andre lagnader blir skildra. Her er ei ung kvinne som har den ufordelaktige posisjonen "uforsørga dotter", og som dermed må sjå føre seg ei framtid som selskapsdame eller husjomfru. Denne kvinna ønskjer noko meir i livet, og bruker dei knepa ho kan for å kapre seg ein ektemann. Sjølv om dette er serielitteratur, noko eg vanlegvis ikkje les, synest eg det er tankevekkjande å sjå korleis kvinnene i overklassen måtte ta seg godt ut og oppføre seg på ein måte som gjorde dei tiltrekkande, for karrieren deira var basert på å gifte seg til ein posisjon i samfunnet. Når nokon møter nokon frå ei anna samfunnsklasse, er det umogleg å sjå føre seg at kjenslene skal sigre over konvensjonane. Eg kjem til å lese vidare.
onsdag 12. oktober 2016
Keipen (965 moh)
Etter to intense jobbdagar tok eg meg i dag fri og gjekk ein tur på fjellet. Det vart kortreist, men det er så utruleg fint her no at det berre var fantastisk, sjølv om fjellet ligg rett bak huset. Turen til Keipen er ein favoritt-tur, i alle fall frå Heida og opp. Det var lett å gå, men glatt i nokre parti. Lufta og fargane var optimale, og det var vindstille og sola varma deilig. I skuggen var det berre tre grader i dag, men det gjekk fint an å gå berre i fleece ute.
Eg torer ikkje å gå bort for å hente boka på toppen |
Ikkje alltid like lett å finne vatn |
tirsdag 11. oktober 2016
Bok 81 2016: "Jul på Hellesta 1" av Margit Söderholm
Eg les vidare om familiane på tyrsta og Hellesta - denne gongen har dei to brørne Will og Carl blitt middelaldrande menn med store born, og handlinga dreiar seg mest om desse borna. Forvirringa blir stor fordi Will kallar eldstesonen sin Carl og Carl kallar ein av sønene sine Wilhelm, og her er to kusiner som heiter Charlotte og ei gamal og ei ung Sophie. Likevel klarte eg å henge såpass med i handlinga at eg syntest det var litt spennande å lese om overklassen i Sverige tidleg på 1800-talet.
søndag 9. oktober 2016
Takk for besøket!
Laurdag føremiddag reiste Eldstejenta og Venninna med bussen attende til Oslo-byen. Det har vore veldig kjekt å ha dei her nokre dagar, og sjølvsagt dumt at dei måtte fare ned att akkurat når vi fekk ferie. Vekene kjem til å g fort fram til jul - det er inga trøst for studentar som skal ha eksamen, men likevel greitt å tenkje på at vi snart møtest att.
lørdag 8. oktober 2016
Kongens nei
fredag 7. oktober 2016
Bok 80 2016: "Belgravia" av Julian Fellowes
I denne boka møter vi eit ungt par som er veldig forelska. Tid og stad er i Europa under Napoleonskrigen, og paret døyr begge kort tid etter. Vidare i boka har det gått mange år, og handlinga går føre seg i overklassemiljøet i London. Det viser seg at det tidlegare nemnde unge paret fekk ein son, som har vakse opp hos fosterforeldre. Spørsmålet vidare blir om han kan verte innlemma i dei to slektene.
Boka var underhaldande ei stund, men mot slutten vart den nesten keisam, etter min smak.
Boka var underhaldande ei stund, men mot slutten vart den nesten keisam, etter min smak.
Galten/Sollidheida
Sett frå denne vinkelen, kan ein forstå stadnamnet "Galten" |
Fredag etter jobb kom vi oss ut på ein liten fjelltur. Eldstejenta, Venninna, Minstemann og Charlie utgjorde turfølgjet saman med meg, og eg kan røpe at eg sjølv var i dårlegast form. Vêret er fantastisk for tida, og det var rett og slett varmt og vindstille, så vi hadde for mykje klede på oss.
Etiketter:
Charlie,
Eldstejenta,
Gamla,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
Abonner på:
Innlegg (Atom)