søndag 2. oktober 2016

Stigedalen

No når kyrne er vekk, er det kjekkare å gå med hund i beiteområda. Laurdag tok vi turen til Stigedalen, der vi fekk sjå Asbjørnhytta - ei grillhytte som er sett opp like framom Bakkesetra. Vi gjekk fram til enden av vegen, men det var for vått i graset til at vi orka å gå på anna enn veg. Elles undrar vi oss over dei skjemmande mastene som ikkje er fjerna enno, sjølv om det har kome opp såkalla "monstermaster" i området. Dei gamle mastene følgjer vegen, forbi alle hytter, og det hadde vore kjekt om dei vart tekne vekk snart.


Interiørbilete teke gjennom vindauge



Til høgre ligg den gamle saga. Idyllen vert noko øydelagd av mastene i området.

3 kommentarer:

  1. Grillhytta ser kjempekoseleg ut!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var tante og onkel som fortalde om den då dei var på besøk her for ei tid sidan. Hytta var låst, og eg er ikkje sikker på kva reglane er for opning. Det kan bli eit kjekt turmål både til fots og på ski.

      Slett
    2. Du får sette journalisten på saka 😄

      Slett