Det har vore eit år mykje prega av sjukdom i storfamilien, og ungane miste ein kjær farfar som ikkje blir med vidare inn i det nye året.
Jobben har vore minst like utfordrande som tidlegare år, og frå mars hadde eg full jobb. Frå og med august har eg vore tilsett i 100 % stilling fast stilling.
Dei tre yngste borna avslutta det skuleslaget dei gjekk i, og dei begynte såleis på nye utfordringar i haust Også Eldstejenta og eg har studert, så kvardagane har vore ein del prega av skule, tentamenar og eksamenar. Alt har gått bra i så måte, og det er vi sjølvsagt både glade og stolte over. Eg veit at mange familiar slit med å få gode skuleprestasjonar, og at det ikkje er sjølvsagt på nokon måte. Vi har jobba hardt og fått løn for strevet, men det er det ikkje alle som får.
Politikken har tatt mykje tid og krefter for min del, og høgdepunktet var debatten og avstemmingane om kommunesamanslåinga. Internasjonal politikk har òg engasjert meg mykje i år, der flyktningkrisa, Brexit og presidentvalet i USA har vore høgdepunkta.
Eg har verken reist mykje, trent mykje eller gått på svært høge fjell dette året, men det har vore eit godt år når det gjeld gode samtalar, familietreff og fine kosestunder.
Håp for det nye året for min eigen og familien sin del er sjølvsagt at vi skal vere friske, og at vi skal halde fram med å ha fredelege og gode forhold til andre menneske og kvarandre. Eg håpar dessutan på å kunne halde fram med å jobbe hardt, vere politisk aktiv og studere, sjølv om det til tider har vore uuthaldeleg slitsamt.
Og så håpar eg på at den Londonturen vi planlegg i vinterferien vil bli eit hyggeleg minne for livet for ungane og meg, og at eg kanskje får meir tid og energi til å reise og gå på tur.
Når det gjeld verda rundt meg sjølv og familien, håpar eg på meir fred, solidaritet og medkjensle i verdssamfunnet, og at vi unngår ein valkamp med liknande retorikk som dei hadde i USA.
Lasso er skotredd, så ho likar best å feire nyttår på Straumshamn |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar