mandag 19. desember 2016

Bok 99 2016: "Vi ses i morgen" av Tore Renberg

I og med at eg skulle lese den andre boka i serien, las eg no om att denne første kollektivromanen om familiefaren som har fått gjeld på grunn av speling på nett, ungjenta som skal synge på konsert, det unge paret som møtest i løynd og ikkje minst den kriminelle gjengen Ceci, Rudi og Jan Inge. Boka var minst like god denne gongen, og den tolte godt å bli høyrd på nytt. Forfattaren les sjølv, delvis på dialekt, så det gir boka eit ekstra autentisk preg.

1 kommentar:

  1. Spent på kva du synest om bok nr.2-eg likte ikkje den SÅ godt. Trur faktisk at eg las nr.1 to gonger, eg også, av samme grunn som du.

    SvarSlett