Denne siste veka har vore uverkeleg, nesten absurd. Det høyrest fælt ut når ein seier det, men familien har lenge venta på at Pappa skulle døy. Han har hatt kreft i mange år, og dei to siste åra har han gradvis blitt svært mykje sjukare.
På 80-årsdagen sin i november 2016 vart han lagt inn på sjukehus, og den vinteren var han inn og ut av sjukehus og sjukeheim med gjentekne infeksjonar. Kvar gong kom han seg til att, men kvar gong meir redusert. 2. mai 2017 vart han send heim for å prøve å vere der over helga, og det vart eit opphald i heimen som varte i sju månader. I familien omtalar vi det som bonustida, for vi hadde vel eigentleg ikkje trudd det kom til å bli så lenge. For oss næraste var det meir hyggeleg å besøke han heime, men Mamma hadde fullt opp med å ta seg av han, assistere og organisere. Heimesjukepleiarane kom fleire gonger dagleg, og i tillegg kom andre hjelparar, så det var ei uroleg tid på mange måtar. I desember 2017 vart han lagt inn på Ørstaheimen, etter eige ønske og i samråd med Mamma og helsepersonell. Han fekk god pleie og omsorg der, og Mamma var der kvar dag hos han. Vi hadde glede av å besøke han der vi andre òg, men etter kvart måtte vi trappe ned fordi han vart så sliten. Mot slutten miste han det gode humøret, han evna ikkje å ta inn nyhende og han sov stadig meir. Han måtte ha mykje og sterk medisin for å sleppe smerter. Siste veka fekk han ikkje i seg mat.
Eg hadde venta lenge på at eg ein morgon skulle få melding om at han ikkje hadde vakna, så eg hadde stålsett meg. Med ungane hadde eg inngått ein avtale om at eg ikkje skulle ringe om noko anna, og at eg ikkje skulle sende melding om at han var død. Lenge har eg derfor alltid sendt melding og spurt dei om eg kunne ringe, og gjerne nemnt kva det var eg ville snakke med dei om. Sjølv har eg hatt eit noko negativt forhold til oppringingar.
Onsdag i førre veke fekk eg melding frå mamma om at pusten til Pappa var endra. Ho sa ikkje at eg burde skunde meg og kome, men eg hadde kjensle av at eg burde det. Eg fekk varsla ungane, plassert Minstemann og Charlie på hybelen til Veslejenta og så reiste eg til Ørsta. Systera mi hadde hatt same kjensla, så ho kom òg. Vi stod ved senga hans saman med Mamma heilt til hans siste andedrag, og det var ei god kjensle at han no endeleg fekk kvile.
Dagane etter har gått med til praktiske gjeremål, men òg til å vere saman. Eldstejenta kom på siste flyet heim allereie onsdag kveld, og Storegut kom torsdag kveld. Dei to yngste var allereie heime, og vi har vore tett på kvarandre desse dagane. Torsdag og fredag planla Systera mi, Mamma og eg gravferda og gjorde ein del i høve til det. Vi måtte snakke med gravferdsbyrået, politiet og presten, tinge lokale, mat, blomar og musikk og sjølvsagt ordne i skor og klede til små og store.
Tysdag 24. april vart det gravferd. Mange møtte opp, og kyrkja var nydeleg pynta med vakre blomar. Som musikkinnslag fekk vi høyre den nynorske versjonen av Bridge over Troubled Water, etter ønske frå Mamma, og Liten fuggel, som eg lenge har tenkt ville vere ein song som ville passe. Pappa var ingen djupt religiøs mann, men han var glad i fuglar og hadde omsorg for dei små i samfunnet, så teksten på den songen passar på så mange vis. Fleire heldt talar, og det vart mykje snakk om politikk, fuglar og fiskeri. Det vart teikna eit bilete av Pappa frå fleire ulike synsvinklar, og vi næraste kjende han godt igjen i det folk sa. Det vart fleire talar på minnestunda, som vart halde i Bedehuskjellaren.
Pappa var ingen folketalar eller avisskribent, men han var ein tydeleg sosialist som mest av alt var motstandar av krigføring. Ingen nær han var i tvil om kva han meinte. Ei av dei siste sakene han kava seg opp over, var dei borna som ikkje skulle få dyr medisin. Han var spesielt oppteken av born, og eg hugsar frå starten av kreftbehandlinga at han syntest det var fælt å sjå dei kreftsjuke borna på Haukeland. Fleire av Barnebarna talte i kyrkja og på minnestunda, og dei understreka den rolla han hadde hatt i liva deira. Eg er altfor emosjonell til å kunne tale i slike samanhengar, men set pris på at andre gjer det. Det vart ei fin gravferd på alle måtar, slik vi hadde håpa, og det var ei stor lette å få det overstått.
For meg har Pappa vore ein bauta i livet, men han har gradvis blitt borte dei siste åra. Sorga over tapet har derfor kome gradvis, og det er vanskeleg å vite korleis det vert no når tapet er endeleg. Vi har sett mykje på gamle bilete desse dagane, mimra og ledd, og eg håper det blir slik framover òg. Pappa hadde eit lett humør, og han plystra og nynna medan han styrte på med kvardagssyslar som gjerne hadde med fisk, ved eller hage å gjere. Han mata nabokattane og skjora, bygde fuglekasser og kledde seg ut med nissemaske året rundt for å underhalde barnebarna. Noko av det han mislikte mest var pompøse og skrytande folk som trudde dei var viktigare enn andre, og han sa aldri eit negativt ord om å betale skatt. Han såg på velferdsstaten som eit gode som ein må kjempe for å bevare.
Ein liten anekdote eg kjem til å hugse han for, er frå i fjor vinter, då han var innlagd på sjukehuset. Eg stakk innom etter jobb, og då fortalde Pappa at det var ein mann med innvandrarbakgrunn som hadde vore inne og vaska rommet hans. Pappa hadde, i kjend stil, fretta ut mannen om kvar han kom ifrå og kva familie han hadde, og kunne fortelje at han hadde to born. Og så sa Pappa: "Og tenk, ein dag kan dei bli legar på dette sjukehuset!"
Fred over minnet