fredag 29. februar 2008
It's been a week since my last confession
Sist helg vart eg avslørt. Først var vi ute på tur (med kamera), så vaska vi huset, la på nystrokne dukar, tende lys og laga grønsaker med dip, og når eg då leita fram kameraet, kom det frå eldstejenta: "mamma, dette gjer du berre for å få fine bilete å legge ut på bloggen din." Orda traff merkeleg hardt. Har det blitt slik at eg bruker bloggen til å framstille meg sjølv og familien som sunne, blide og kulturelle friluftsmenneske? Har det rett og slett både bikka og klikka? Skulle eg kanskje ha lagt ut eit bilete av meg sjølv sovande framfor TV'en for å oppnå meir realisme? Og kanskje eitt av ungane framfor play station'en - gjerne medan dei slåst om kva spel dei skal halde på med? Eller det beste motivet av alle: mor som smug-åt sjokolade etter at ungane var lagde fordi ho var kvalm av for mykje stangselleri?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hehe, ja vi har alle vårt...og lastenes sum er vel konstant.
SvarSlettEg har tenkt dei same tankane og kome fram til at blogglesarane er så pass oppegåande at dei forstår kva dei får vite. Blir det for mykje "skryt" /"idyll" for folk, får dei late vere å lese....
SvarSlettSei meg: Korleis greier du å ete så mykje stangselleri at du blir kvalm? Hadde det enda vore sjokolade! Viss bloggen kan virke motiverande på husmor-æra er det vel berre bra? Men skal vi ta ei "tabbeveke". Eg har alt eit innlegg
SvarSlett