tirsdag 11. mars 2008

The times they are a-changing


Filmen "Cry Freedom" frå 1987 tek føre seg hendingar frå 1976 -1977, då avisredaktøren Donald Woods (Kevin Kline) vart kjend med Steve Biko (Denzel Washington), ein svart fridomskjempar/terrorist. Dei var begge oppvaksne under Apartheid i SørAfrika, og ein får eit sterkt innblikk i korleis det kvite, rike mindretalet hersa med, forfølgde og drap svarte. Sidan vi skulle lese om Sør Afrika i engelskboka, fall eg for freistinga og viste denne 2 1/2 timar lange filmen til førsteklassingane mine. Mange av dei uttrykte etterpå at det var ein god film, og dei hadde mange gode spørsmål som eg kunne svare meir eller mindre godt på. Ein av mine pedagogiske hovudtankar i år er at ein skal lære med hjartet, ikkje berre med hovudet, og eg trur den kunnskapen dei no sit med om Sør Afrika er meir verd enn det dei las i boka si. I ettertid skal vi ta fram att boka og lese omatt, og eg er allereie i gang med å finne ut meir om kva som har skjedd siste femten åra. Mellom anna vert Zuma, han som er spådd å bli Sør Afrikas neste president, kritisert fordi han ikkje slapp inn kvite journalistar på eit møte i ANC.

4 kommentarer:

  1. I min barndom las vi Onkel Toms hytte om bl.a. forfølging av svarte i USA. No får kanskje USA sin første "svarte" president?
    Las Tomm Kristiansen si bok:Afrika - en vakker dag.
    Som lydbok blir den for "flyktig"; eg vil anbefale den som oppslagsbok om afrikanske statar og historia deira.Til dømes for elevar.

    SvarSlett
  2. Onkel Tom er eit skjellsord for mange svarte i USA fordi den framstiller dei som slave-personlegdomar; litt for enkle og underdanige. Eg har ikkje lese den på mange år - det burde eg sikkert.

    SvarSlett
  3. Somme bøker er ute på dato, for å seie det slik. (Men gamle Steinbeck er framleis ein av mine favorittar.)
    Trur vi hadde fått meir enn eitt sjokk om vi las om att gamle "populære" bøker.Haldningar endrar seg også i takt med tida.
    I nokre gamle skulebøker er samane omtala slik: "....med de små apefjesene sine....."
    Verda var meir svart og kvit før enn no. Verda går no litt framover!

    SvarSlett
  4. Shakespeare og Ibsen held seg godt!

    SvarSlett