søndag 5. oktober 2008

Bok 34: "Andvake" av Jon Fosse


"Ekje der punktum?" var spontanreaksjonen frå elevane som skal lese denne boka innan ei veke. "Og så på nynorsk", sukka nokre innflyttarar. Eg argumenterte med at dei må lese ei bok uansett, og at dette var den tynnaste eg fann. Sanninga er at nokre elevar ved skulen skal ha eit miniprosjekt under "Festivolda", og det prosjektet skal innehalde ei lita teaterframsyning og eit "workshop" basert på to tekstar av Jon Fosse. Den vesle boka er på under 70 sider, og ho inneheld ikkje punktum. Handlinga er ein klar parallell til Josef og Maria, med to ungdomar på leit etter husrom. Språket er poetisk og gammalmodig, og til tider synest eg setningsstrukturen blir i overkant arkaisk: "...heilt der nede byrja han spelet, og så langsamt og så lågt han berre det klara kunne, spelte han seg oppover..." Bokmeldarane rosar boka opp i skyene og hyllar Fosse for "antydningens kunst". Eg er ikkje heilt sikker på at det slår an hos 16-åringar i 2008. Dei ville nok ha foretrukke punktum, mellom anna.

2 kommentarer:

  1. Den kjem nok aldri på lydbok, dessverre... For teikna har ein funksjon, sikkert manglande teikn også.

    SvarSlett
  2. Jon Fosse er eit geni, seier dei, og samanliknar han både med Ibsen og det som verre er. Eg har lese eit par av bøkene hans (lydbøker) og sett eit teaterstykke på TV. Og la det vere sagt:Eg fekk ikkje mykje ut av det.Kven skriv han for? Berre "forståsegpåarar"?
    Eg er frista til å samanlikne bøkene hans me Keiserens nye klær, men eg skal ikkje gjere det.
    Men der er noko underlig med bøkene hans, noko som er nærmast suggererande.

    SvarSlett