fredag 17. oktober 2008

Kva skal vi med norsk, eigentleg? (eller: "Do we really need the Norwegian language?")

Ikkje eit vondt ord om engelsk. Eg kan godt innrømme at eg er anglofil til beinet, og at eg trivst usannsynleg godt med å kunne lese og skrive så og seie flytande engelsk. Ja, eg har gjort engelsken til eit levebrød, i alle fall delvis. I den eine engelsktimen i dag las vi eit dikt som handlar om korleis ein afrikansk poet opplevde at engelsk gav status samanlikna med det opprinnelege språket i heimlandet. Dette var ikkje ein tekst som fenga all verda, men så viste eg elevane eit par artiklar frå Språkrådet sine sider, der det går fram at 1/3 av mastergradsoppgåvene i 2006 var skrivne på engelsk, og der nokon kjem med forslag om ei lovfesting av at undervisninga ved universitet og høgskular i regelen skal skje på norsk. Vi har lenge opplevd at mange nyttar engelsk for å uttrykkje tankar og kjensler i songtekstar, til dømes, men er vi verkeleg komne så langt at norsk heller ikkje kan nyttast til å uttrykkje djupsindige, akademiske tankar? For engelskundervisninga sin del bør denne nye situasjonen medføre ei meir akademisk retning, og ikkje den tradisjonelle "my name's Bill, what's your name?"-undervisninga som skal gjere elevane i stand til å snakke med ein innfødd brite på ein helgatur til London. Som norsklærar synest eg sjølvsagt dette er uhyrleg skremmande, men som engelsklærar reknar eg med at eg går gode tider i møte.

http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/En-av-tre-masteroppgaver-pa-engelsk/
http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/Vil-ha-mer-norsk-pa-hoyskoler-og-universiteter/

6 kommentarer:

  1. Eg vart no meir bekymra for nynorskprosenten!
    (Kjepphestar må ridast!)
    Enkelte fag har vel ein del fagbøker på engelsk når ein kjem opp på eit slikt nivå, eller er det utlendingane som tek over?

    Ein ting er sikkert; norske ungdommar er flinke i engelsk. I det faget går det framover med nye generasjonar.

    SvarSlett
  2. Så får eg ri MIN kjepphest:Eitt skriftleg norsk språk i staden for to! (Eg har slutta i Mållagsstyret.) Motto: Betre med eitt norsk enn ingen norsk.Men du har no dobbeltsikra deg med kombinasjonen engelsk -norsk.Det er flott at dei unge blir flinke i engelsk.Det er i alle fall eit fag dei får bruk for.

    SvarSlett
  3. Eg er litt einig med Besta. Vi er VELDIG få folk i dette landet (...har vore ute i den store verda i år eg...he he..). Det er kanskje litt drygt at vi som er så få skal ha to skriftspråk. Kva med eit skriftspråk med ein del valfridom. Eg likar å skrive nynorsk, men mange av orda eg skriv er ord som eg aldri seier. Ville ha hatt store problem med å skrive ord som jeg og ikke, men elles er eg open for det meste.

    SvarSlett
  4. Fint bilde av Erlend og kameraten, forresten! I morgon skal Henning få besøk av bestekameraten sin frå barnehagen for fyrste gong, så det blir stas! Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  5. Legg merke til at nynorskprosenten har vore stabil sidan 1986! Mange har det oppfatninga at nynorsk berre kan brukast til poesi og annan skjønnlitteratur, men at bokmålet må brukast i meir formelle og seriøse settingar. At såpass mange no også føler det slik når det gjeld engelsk, skremmer meg. Heldigvis var elevane litt skremde òg, sjølv om det var fredag ettermiddag.

    SvarSlett
  6. Det året eg studerte historie oppdaga eg at det var mykje lettare å tileigne seg det stoffet som var skrive på nynorsk. Bokmålsforfatterane hadde ein tendens til å bruke lengre og meir snirklete setningar.(Kansellispråk).Mykje stoff las vi også på svensk og engelsk.Det var då eg oppdaga at dei unge klassekameratane mine mestra engelsk betre enn svensk. Med meg var det omvendt.

    SvarSlett