lørdag 15. november 2008

Novemberselskap





Dagen før Minstemann vart fødd, hadde vi fåreribbe til middag. Akkurat det hugsar eg svært godt. Seinare har det blitt ein tradisjon at vi feirar bursdagen hans med ein slags julemiddag, og at vi pyntar til advent i det høvet. I år feira vi han noko tidleg, og det vart derfor ikkje pynta med anna enn lyslilla. Maten var upåklageleg med fåreribbe og morr frå Ørsta og heimesteikt svineribbe (Gubben var kokk). Seinare vart det diverse kaker (som vanleg mat nok til eit selskap til). Gjestane var besteforeldre, Tanta på Hareid og dei to yngste borna derifrå. Alle tre novembergutane fekk pakkar, og gladast av alle var Minstemann, som gjekk rundt og kyssa på ei øske med Indiana Jones-lego. Vi takkar hermed gjestane for denne gong!

1 kommentar:

  1. Og vi takkar for ein koselig dag med mykje mat og prat. Det blirnokre dagar med faste etter dette. Trur eg.

    SvarSlett