Så er adventstida i gang. Etter ein del styr og ein heil del arbeid fekk vi hengt opp dei tradisjonelle 24 pakkane ute i gangen (min idé om å erstatte pakkane med flaxlodd vart nedstemt mot stemma til Eldstejenta), vi har tent det første lys (Minstemann) og vi har vore på julegrantenning og spelt/lytta til korpsmusikk. Ja, vi har til og med "børi ved". Det blir vel jul i år òg.
Her er det kun ei som har interesse for juleførebuingar. No driv ho og lagar "julemannar" heilt sjølv. Eg leitte fram oppskrift og ho sette i gang.
SvarSlettØystein hadde tatt ned adventskassa i går, trudde han. I dag sende ho han opp etter lys og stake.
Ja, viss mannfolka skulle planlegge jul- og adventsfeiring, hadde det blitt litt stussleg,trur eg. Eg kan no prøve meg med litt lystenning og sjå kva som skjer.Som eg har sagt før:Einaste tida på året eg saknar skulen,og ungar generelt, er i adventstida.Får håpe på besøk ein av adventssøndagane.Elles har eg no steikt krumkaker og kylling i dag.
SvarSlettSkal tru kva som er "lov" av slikt i skulen no?
SvarSlettJa, det lurer eg også på. Skal på kafe med ei av veninnene på onsdag, så då får eg hugse å spørje.
SvarSlettDet som skjedde her då eg tende lys for å sprite opp stemninga, var at han far sjølv vart "allergisk" og hosta så gale at han måtte gå ut-og for meg vart det berre å BLÅSE ut.
I fjor fekk vi ikkje ha så mykje feiring på skulen i og med at fleire elevar reiste seg og gjekk ut så snart orda "jul" eller "Christmas" vart nemnde. Det var eit sakn.
SvarSlett