Om lag ein gong i månaden samlast ein meir eller mindre fast damegjeng i bygda for å drikke vin, lære meir om vin, ete god mat og skvaldre. Vi har hatt denne "klubben" sidan hausten 2000, og vi har vore gjennom mange tema i denne tida. Ei stund vitsa vi med å kalle klubben for "Clearblue", for vi har hatt minst ti svangerskap på samvitet. Konseptet består av at vertinna lagar mat, pyntar hus og jagar vekk mann og barn i tillegg til å kjøpe inn vin etter lik druetype, same land eller andre kriterium. Vi er veldig seriøse ei lita stund, men det blir mykje skvaldring, ja. I går var vi ti til bords, men rekorden er 18, trur eg. Vertinna serverte vin frå Piemonte, av tre ulike druetypar, og dei smakte fortreffeleg alle tre.
lørdag 8. november 2008
Piker, vin og sang (iallfall damer og vin)

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Synest det går mykje i piker vin og sang der inne på bondebygda!? Ja, det skulle vore for nokre tiår sidan! Kjekt at de har så godt samhald der inne og at de koser dokke i lag! God helg!
SvarSlett