søndag 9. november 2008

Farsdag

Gratulerer med farsdag, alle saman! Og til Pappa, Svigers og Gubben: vi feirar heile sulamitten med bursdagar og farsdagar neste laurdag! Nummer 2 her i huset skreiv dette diktet til sin far i år:

"Pappa du er god til å fiske
Erlend han er god til å piske
Pappa du er veldig snill,
ps eg kunne gitt deg
eit sånt kort til.
Eg gledar meg til jul,
og eg syns du er kul.
Du har ein god bil,
den kunne vere med
på Autofil!
No er diktet slutt,
då stikk eg og hentar
ein dippedutt!"

3 kommentarer:

  1. No ser eg at vi har fått enda ein diktar i familien.KULT !

    SvarSlett
  2. Ja, farsdagskortet frå diktaren for nokre år sidan var ei teikning av han og faren på jakt der guten skaut faren... Vi ler godt av det enno, vi!

    SvarSlett