mandag 21. juni 2010

Begavelse

Av og til er det ekstra morosamt med presangar. I år hadde mamma ("Besta") gjort seg skikkeleg flid, dikta dikt og kjøpt presangar som passa til teksten. Vi har allereie ein etablert lyrikar i familien, men kanskje verda går glipp av eit anna stort lyrisk talent? Presangane var veldig fine og nyttige, og Gamla må sporenstreks setje seg inn i gamle kunstar med kompass-lesing, viss det nokon gong har vore ein kunst eg har kjent til...

2 kommentarer:

  1. Vi sør om grensa er imponerte over skrive-talentet de nord om grensa har - og Besta har ein lett og fin prosa, ikkje rart at ho no prøver seg som lyrikar. Gratulerer med vel overstått og god tur til by'n. Kanskje du får prøve den nye Bybana som opnar i dag?

    SvarSlett
  2. Eg var svært nær å gjere akkurat det, men vi var så slitne at det vart buss i staden. Bergen er ein triveleg by, og denne gongen var det strålande vêr òg.

    SvarSlett