torsdag 24. juni 2010

Trur du på Mannfeen?

Dei to yngste og eg tok med oss hundane på tur i skogsvegen etter at jonsokfeiringa var slutt. Veslejenta fekk ei innføring i den gamle tradisjonen med å plukke sju sortar markblomar og legge under hovudputa for så å drøyme om sin framtidige ektemann. Det var ikkje så vanskeleg å finne sju slag, men etter ei stund kasta Veslejenta blomane sine:

"Ej trur ikkje på sånt kliss"

1 kommentar:

  1. Trur aldri eg kom så langt at eg gjorde det, eg heller, men det er no litt artig med slike gamle skikkar, sjølv om ein ikkje trur på det.Men Veslejenta er ein pragmatisk type, som formødrene?

    SvarSlett