søndag 20. juni 2010

Utfordrande bursdag

Eg er blitt utfordra av Karoline: 

"Skriv seks fine ting om deg selv, og post et bilde av deg selv som du er fornøyd med. Når det er gjort skal du utfordre seks andre til å gjøre det samme."

No hadde det vore lettare å finne seksti negative ting å seie om seg sjølv, og eg ser klart at dei positive sidene mine fort bikkar over og blir negative dei òg. Dei første positive tinga eg fann på å seie om meg sjølv var forresten ulike variantar av ordet "arbeidssam"... Sidan eg har bursdag i dag, lagar eg meg ei liste som i tillegg kan fungere som bursdagstale til meg sjølv. Det blir sikkert den einaste eg får, så det er berre å "køle på". Biletet er frå bursdagen i fjor.

Gamla er:
Arbeidsvilleg
Sprek
Energisk
Humoristisk
Engasjert
Omsorgsfull

Og eg utfordrar slekta:
Besta
Solveig
Hildegard
Lappetausa
Strikkemor(o)
LilleMø

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen! Etter at eg har kome på facebook, har eg vorte tregare med blogginnlegg på fødselsdagane, men berre vent!
    P.S. Den utfordringa kjem eg nok til å bruke tid på, ikkje minst bilde ...

    SvarSlett
  2. Takk! Det er nokre dagar sidan eg fekk den utfordringa, og den er vanskelegare enn ein skulle tru. Det seier noko om vår generasjon, trur eg. Eller om damer. Eventuelt begge delar.

    SvarSlett
  3. Å skryte av seg sjølv var heilt TABU i min generasjon, så for meg er det ekstra vanskelig. Og så spørs det om det ein sjølv synest er positivt for andre.
    1. Eg held det eg lovar-stort sett.
    2. Eg kjem presis til avtalar.
    3. Eg får Nils til å le kvar dag- har ein litt bisarr form for humor.
    4. Eg er ikkje redd for å prøve
    å lære nye ting.
    5. Eg er gavmild-meiner eg sjølv.
    (Eg er raus på andre måtar også-det var ein som sa det til meg. Det er det finaste komplimanget eg har fått.)
    6. ....der stoppe det, gitt!
    (Det er lettare å finne feil på seg sjølv, og gode sider hos andre.)

    SvarSlett
  4. Og no har eg lyst å slette innlegget........

    SvarSlett
  5. Gratulerer frå oss på Kongsberg !

    SvarSlett
  6. Det innlegget ditt får bli ståande, mamma - men eg følte likeeins. Eg sat att med mange motførestellingar etter at eg skreiv mi skryteliste, men i dag unner eg meg litt sjølvskryt. Det bør vi sikkert gjere oftare.

    SvarSlett