torsdag 19. august 2010

Første skuledagen min, ikkje rart at sola skin!

Sommaren er komen til Sunnmøre; tuypisk nok etter skulestart. Planleggingsdagane har vore lange og innhaldsrike, og då er det deilig å sole seg og gå tur etter arbeidstid. I dag er det skulestart for elevane, og vi har hatt mykje liv og røre på jobb. Mine eigne små har òg begynt på skulen i dag. Eldstejenta er andreklassing, på same skule som eg, og Minstemann er andreklassing på barneskulen. Storegut begynner på ungdomsskulen, som ligg i same bygg som barneskulen. Dei får fire nye elevar frå Bjørkedalen, og dei blir dermed ti i klassen. Veslejenta begynner i femte. Sjølv har eg tre klassar i år; ein i engelsk og to i norsk. Det blir spesielt spennande å følgje avgangsklassen min, som eg har hatt to år tidlegare, og som eg etter kvart utviklar moderlege kjensler for.

4 kommentarer:

  1. Synest Minstemann ser litt mellomfornøgd ut. Saknar tanngliset. Har han ikkje lyst å begynne på skulen igjen?

    SvarSlett
  2. Og så var dei no berre SÅ fine alle tre!

    SvarSlett
  3. Skikkeleg tripp trapp! Fine skulekle!

    SvarSlett
  4. Det var det biletet Minstemann såg blidast ut på :)

    SvarSlett