torsdag 26. august 2010

Første frionsdag

Eg er heldig som også i år har fått innvilga onsdagsfri. Denne veka var det berre Minstemann som hadde fri, og vi drog fram sykkelen for å sykle til butikken for første gong sidan eg fekk ny bil. Ærendet var å handle inn til kakebaking, men butikken mangla ein vesentleg ingrediens: kvit sjokolade. Mange butikkar manglar denne nesten livsnødvendige vara, så seinare på dag kjøpte eg rikeleg. Ein kan aldri vite kva tid ein får lyst til å bake! På heimveg måtte eg nesten le av meg sjølv: eg sykla 12 kilometer for, ironisk nok, å kome heim med ein pakke margarin og ein kartong fløyte.

2 kommentarer:

  1. Ja, ja, du skal vel ikkje ete alt sjølv ...

    SvarSlett
  2. I dag kom eg heim med ein pakke fløyte som eg absolutt ikkje har lagt i korga sjølv. Skal tru om ein kvan annan leitar etter den fløyten dei er sikre på at dei kjøpte?

    SvarSlett