onsdag 2. februar 2011

Fridag i fjøra

I dag var det nokolunde opplett ei stund, og Minstemann og eg gjekk tur i fjøra. Vi likar godt å sjå etter fine steinar og sneglehus, og så prata vi om laust og fast - mest om Star Wars og anna som opptek poden for tida. Etterpå vart det pannekakesteiking - det er tredje gongen vi lagar pannekaker når Barnefaren kjører Veslejenta på ballett på onsdagar, så no er det kanskje blitt ein tradisjon.

3 kommentarer:

  1. Du veit kva vi pla seie: gjer ein noko meir enn ein gong, blir det lett ein tradisjon.

    SvarSlett
  2. Fekk så lyst på pannekaker!

    SvarSlett
  3. Denne gongen laga eg meir røre, med ti egg og 1 1/2 liter mjølk. Dessutan hadde eg bakepulver i - eg er ikkje heilt sikker på om dei blir betre av det. Latskapen slo til som sist, så eg kjøpte ferdig oppkutta bacon. Enklare blir det ikkje.

    SvarSlett