torsdag 17. februar 2011

Gamla i ungdomslaget

I kveld hadde vi årsmøte i det lokale ungdomslaget, og eg vart attvald som styremedlem. Kanskje er eg noko for gammal, med mine 42 1/2 år, men ved nærare ettertanke er eg det perfekte styremedlem. Eg disponerer bil, har røynsle frå lagsarbeid, kan ause ut livsvisdom, likar å arrangere og planlegge, likar at born og unge har det kjekt og kan bake kake til basar. Eit ungdomslagsstyre treng ikkje vere ungdomar - dersom dei vil arbeide FOR ungdomane må det halde i massevis. Dessutan er der ei som er enda eldre, så ho må vrakast først (om eg ikkje er ungdommeleg, er eg i alle fall utruleg barnsleg).

3 kommentarer:

  1. Då er det vel berre å gratulere deg med attvalet! Og med at du framleis er ung NOK til å jobbe i ungdomslaget-og slepp å stille til val i pensjonistlaget slik som eg.

    SvarSlett
  2. Du skal sjå eg går direkte frå det eine til det andre laget.

    SvarSlett
  3. Morsomt og "sant" innlegg, i den forstand at eg er einig i resonnementet ditt!

    SvarSlett