tirsdag 1. februar 2011

Hello/Goodbye

I dag starta salet av billettar til årets musikal ved skulen. Datoane for framsyningane er 22. og 24. februar, og sidan halve familien spelar i korps tysdagane, vart torsdag den beste dagen for oss. For dei som har vore innom bloggen min dei siste månadene, er verken emne eller entusiasme noko nytt, men eg tek oppatt at eg sidan november/desember har høyrt mykje på bThe Beatles, og at dette viste seg å vere valet av emne til musikalen. Då eg fekk vite det, vart eg sjølvsagt i fyr og flamme, og eg såg filmen "Across the universe", som musikalen visstnok skal innom handlinga i.

Eg var først ute av alle som ville ha billettar til torsdagen, og kjøpte til heile min familie + foreldra mine. Det blir spennande!


Les meir om musikalen her

Eg legg ved min favoritt når det gjeld coverversjonar av Beatlessongar, nemleg Joe Cockers fantastiske versjon frå Woodstock. Det er ikkje berre nydeleg framført, men ein vakker tekst som verkar langt meir inderleg og ektefølt i hans versjon enn i originalversjonen.

3 kommentarer:

  1. Eg måtte leite opp teksten til songen, for eg har alltid trudd den var litt suspekt. Einaste strofa eg har bite meg merke i er "I get high with a little help from my friends.." No såg eg at songen handla om noko heilt anna.
    Og takk for det. Du hugsar vel sjølv den tida då Beatlestekstane vart tolka i ei spesiell retning .....?

    SvarSlett
  2. Mange av dei er framleis suspekte, trur eg...

    SvarSlett