fredag 4. februar 2011

Karbo-kick

Eg er ikkje akkurat overvektig, sjølv om eg heller ikkje lenger kan titulere meg som undervektig. Nokså passeleg, med andre ord - i alle fall i følgje tabellar eg har sett. Det er derfor ikkje nødvendig å kutte ut karbohydratar eller liknande, og det er eg glad for. Eg er frykteleg glad i brød, lagar meg ofte nudlar til middag og ELSKAR bakverk som er kokt i feitt. Berlinerbollar, til dømes, er noko av det beste eg veit. I dag gjorde eg den tabben å berre kjøpe to...

Det blæs og regnar ute, så det blir ingen tur ut i kveld. Det blir heller pledd, te og tv, tenkjer eg. Eller lydbok og facebook. Det er deilig å kunne slappe av etter ei hard jobbveke (finst der andre sortar veker?). God helg til alle der ute!

3 kommentarer:

  1. No vart eg svolta, smultringar til jul og berlinerbollar fram til påske!

    SvarSlett
  2. Nils likar ikkje så godt det som er kokt i smult, eg ELSKAR berlinerbollar! Men plar for skams skuld gå forbi og lest som eg ikkje ser dei.Etter all denne debatten om mat og karbo vs.feitt kan ein snart ikkje vite kva ein skal gjere.Neste år er kanskje berlinerbollar sunt?

    SvarSlett
  3. Apropos vekt/høgdetabellar så høver dei dårlig på svært høge og på små folk.

    SvarSlett