I denne romanen reiser Erlendur attende til heimbygda, der broren forsvann på fjellet for mange år sidan. Han undersøkjer dessutan ei anna, gammal sak om ei kvinne som forsvann på 1940-talet. Meir vil eg ikkje skrive om innhaldet, for det er vanskeleg å seie noko utan å røpe for mykje.
Dette er ei av dei betre Indridason-bøkene eg har lese; mest fordi den handlar mykje om Erlendurs fortid utan å drage inn for mykje frå notida i tillegg. Notida vert på ein måte sekundær i heile romanen, samtidig som retrospeksjon alltid får fram eit ekstra perspektiv gjennom refleksjon.
Det var som om eg skulle ha sagt det sjølv, men du formulerer det betre enn eg. Dette var ei Indridason-bok av den gode, gamle sorten.
SvarSlettGler meg til eg får tak i den!
SvarSlett