Då vi pussa opp gangen, vart sikringsskapet eit lite problem. Det vart for vanskeleg å kle skapdøra med plater, og alternativet var å male tapeten.
Eller...?
Ein kollega av meg er flink til å quilte, og i påska tok eg ut mønster og fargar til eit veggteppe, som no heng framfor den skjemmande døra til sikringsskapet.
Flott bilde! Og sikringane er lette å finne!
SvarSlettEg synest det liknar litt på eit vindu ut mot stjernehimmelen.
SvarSlettGodt tenkt, Besta! Eg syntest det passa med stjerner like ved soverommet. Eigentleg er biletet for fint til å henge i ein gang, men samtidig blir det eit blikkfang.
SvarSlett