Hareidsgjengen hadde dekka og pynta til skikkeleg barnebursdag, sidan dette var siste sjanse for Storegut å feire ein skikkeleg barnebursdag. Neste år er han vaksen, så det blir meir ein merkedag - sjølv om eg trur han kjem til å hugse 17-årsdagen òg. Detaljar om selskapet kan de sjå på bloggen til Solveig. Eg kan elles legge til at guten køyrde frå Hareid og heim att, og at han i kveldinga stakk for å møte nokre kompisar. Han er ein super gut som det er lett å like og vere glad i!
Tusen takk for ein triveleg dag!
Ballongar ved døra høyrer med! |
Ei av kakene er laga av mormora, ei av kusina og ei av ungane her i huset. |
Sjølv takk for ein triveleg dag. Det var kusina som pønska ut ballongar og anna stæsj.
SvarSlett