lørdag 26. april 2014

Uteliv


Desse planta vi sist haust

Eg har ein del "natur" i hagen òg


Stilbunkane ligg på vent, for det er ikkje mogleg å velje denslags i finevêret. Eg fann meg heldigvis ei bok som eg "måtte" lese (der finst trass alt eit utdrag frå den i norskboka) og sette meg på verandaen. Når eg var sånn passeleg kokt, hadde eg bestemt meg for å klippe plen. Dessverre var eg rana for bensin ein gong Storegut mangla drivstoff til mopeden, så dermed hadde eg valet mellom å utsetje plenslåtten eller å køyre til næraste pumpe. Heldigvis valde eg det siste, for no er alle plenane kortklipte og utan dei lilla blomane som plar dukke opp om våren. Eg likar blomane best når dei står i bed.

5 kommentarer:

  1. Engkarsen vart klipt her og i dag. Eg har arbeidd inn fredagen, så eg ønskjer meg ei veke til med same vertype, gjerne med litt regn i arbeidstida måndag slik det er meldt ...
    God helg!

    SvarSlett
  2. Eg skal sitje prøvevakt heile måndag, så då kan det godt regne for min del òg.

    SvarSlett
  3. Vi har mange nok grå dagar i løpet av året, så når ein vert velsigna med finever, må vi berre nyte så mykje vi berre kan. Ein slik april! Trur eg stemmer i med Bjørnson:"Jeg velger meg april.....".

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sant! Å velje si eiga arbeidstid har nokre fordelar, men det krev ein del arbeidsmoral når sola skin i dagevis.

      Slett