lørdag 19. april 2014

Påskeaftan 2014

I dag skulle Storegut på tur til ytre strok, så det vart til at dei to yngste og eg gjekk ein lang tur etter vegane og snakka om laust og fast. Etterpå laga eg til lammesteik og fløtegratinerte poteter til middag, jobba litt i hagen og tok unna litt klesvask i heimen. Eg synest det er kjekt å fare på turar og oppleve mykje, men det er òg fint å ha god tid til å vere husleg innimellom. Det blir meir enn nok av skulearbeid framover, og sikkert lettvinte løysingar både når det gjeld matstell og hage.

I kveldinga har ungane fått leita opp påskeegga som tanta gav dei, og vi har planar om å sjå Poirot og kose oss med diverse snadder vi har kjøpt inn. Ute er det mildt og fint, og ein kan verkeleg kjenne at våren er her. Snø og ski freistar slett ikkje!

God påskehelg til alle!

1 kommentar:

  1. Fortsatt god påske!
    Kjekt med ein arbeidsdag innimellom, til fysisk arbeid, meiner eg. Rettebunkane mine har fått kvile til no.

    SvarSlett