torsdag 26. mars 2015

Bok 22 2015: "Knut Hamsun - svermer og erobrer" av Ingar Sletten Kolloen

Eg begynte på denne biografien for nokre år sidan, men gav opp etter første band. Lydboka er ei fellesutgåve av dei to banda, og det er eit svært verk som det har teke tid å kome seg gjennom.

Dei bøkene eg hittil har lese av Knut Hamsun er fantastiske, og eg har sett meg som mål å lese fleire. Å lese om forfattaren, derimot, er nesten litt deprimerande. Han var ingen sympatisk mann, verken privat eller politisk, og det er nesten paradoksalt at romanane hans er så velskrivne og vakre. Han sløste med pengar, avviste sine næraste og vart til slutt nazist. Ut frå biografien kan ein sjå at han hadde eit romantisk ideal, til dømes om gardsdrift, men at han ikkje på nokon måte levde opp til dette idealet sjølv. "Markens grøde" avslutta han til dømes parallelt med at han forhandla om å selje sin eigen gard.

Det er vanskeleg å skilje mannen frå verka, men eg har tenkt å gjere mitt beste.

4 kommentarer:

  1. Du var så lita den gongen vi besøkte "Knut Hamsuns hjem" at du hugsar vel ikkje så mykje av det. Vi låg på campingplassen som son hans, Arild, dreiv den gongen. Vi såg oss om i huset og Arild fortalde. Eg forstod at faren ikkje hadde vore så lett å leve i lag med. Men skrive, det kunne han.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hugsar at eg var der, men visste ikkje at det var Arild Hamsun som viste oss rundt.

      Slett
  2. Eg hugsar alle klokkene, og at Hamsun ikkje likte "vinterbilde", dvs. bildem med snø på.

    SvarSlett