torsdag 12. mars 2015

Kvinnedagen 8. mars

Søndag var Eldstejenta og eg i kommunesenteret for å gå i 8. mars-tog. Kampsakene var ikkje fullt så engasjerande som i fjor, då vi var sterkt imot reservasjonsretten til legane, men vi hevda i intervju i lokalavisa at det er like stort behov for feministar no som på 70-talet.

Etter toget var det "salong" på ein lokal café, med forteljingar og allsong. Det som gjorde mest inntrykk på oss, var ei afrikansk innvandrarkvinne som la vekt på at det var viktig for innvandrarar å engasjere seg og vere synlege i lokalmiljøet, slik at ein vart fortare integrert.

3 kommentarer:

  1. Eg fekk avisinnlegget med Urke, men dumt at bildet kom over to sider, og det var ikkje midtsidene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Skulle no ha tatt seg ut om vi vart midtsidepiker på kvinnedagen...

      Slett
    2. ein gong må jo vere den første, margrete

      Slett