søndag 15. mars 2015

Bok 21 2015: "Prosessen" av Franz Kafka

Nokre bøker har eg kjent til og lese utdrag frå i fleire år, utan å ha lese heile verket. Slik var det med "Prosessen" òg. Ved nærare ettertanke har eg aldri lese ei heil bok av Kafka tidlegare. No har eg fått med meg heile boka om Josef K, som vert utsett for ein surrealistisk rettsgang då han brått vert arrestert utan å vite kvifor. Litt spesielt etter min smak, men det er greitt å ha lese den, med tanke på litteraturpensum som skal gjennomgåast i jobbsamanheng.

3 kommentarer:

  1. Eg las den for ein god del år sidan, men fekk ikkje mykje ut av den. Likar betre "Kafka på stranden."

    SvarSlett
    Svar
    1. Somme tider har ein valet mellom krim, klisjéromanar og gamle klassikarar. Eit lett val, eigentleg.

      Slett
  2. Jeg liker denne godt, jeg :) Fine, boka.

    SvarSlett