Eldstejenta som vi kjenner henne: vakker, aktiv og sosial |
Gåver frå Mamma |
Då ho var lita, styrte ho omgjevnadene i rolleleik. Vi hugsar til dømes korleis ho kommanderte Morfaren til å leike hund og krype rundt på golvet, korleis ho var prinsesse og butikkdame og Mora måtte leike med. Dei første åra var ho mykje saman med vaksne, noko som truleg prega henne til å bli flink til å snakke og verte ein tydeleg leiar. Dette er eigenskapar ho får god bruk for i vaksenlivet både i jobbsamanheng og det politiske livet.
Eldstejenta er lett å bli kjend med og lett å bli glad i. Ho er utruleg sosial og flink til å snakke med alle slags menneske, og ho har sterke meiningar og "meiningars mot". Vi ønskjer henne ein super bursdag og lukke til vidare med jobb og skule.
Du må helse Ingeborg og seie at eg kan skrive under på alt du skriv om henne. Eg er berre ikkje så flink å ordlegge meg som du. Gratulerer med dagen til heile familien.
SvarSlettGratulerer!
SvarSlettEg hugsar godt dagen ho vart fødd. Eg fylte bensin på bilen og køyrde rett til Ulsteiinvik og kjøpte ein rosa dress!