søndag 11. oktober 2015

Bok 89 2015: "Om høsten" av Karl Ove Knausgård

Denne vesle boka er starten på ein ny serie frå Knausgård. Den inneheld små tekstar om alt frå svært trivielle ting som eting av eple til meir svevande og krevjande emne som Julia Kristeva. Eg er usikker på kva eg eigentleg meiner om boka, for den er alt frå absurd triviell til pretensiøs og pompøs. Poenget er at han vil skildre verda rundt seg for den ufødde dottera, og ein kan få ei slags Obstfeldersk kjensle av "Jeg ser", der konklusjonen er "her er så underlig". Som eit døme kan eg nemne då han etter å ha skildra telefonane slik dei såg ut og fungerte på 1970-talet, i detalj, reflekterer over telefonens status og funksjon før og no. Det syntest eg var ein fantasisk tekst. Men då den lange sekvensen om oppkast vart konkludert med at han ikkje syntest det gjorde noko at dottera hans spydde på han fordi han elska henne så høgt, melde eg pass. I tillegg ser eg nokre språklege manglar, som oppstylta syntaks og ein irriterande repetisjon av ordet "likesom". Kan hende vert slikt forsterka i lydbøkene, det veit eg ikkje. Eg er uansett stor fan av Knausgård og ser fram til fleire bøker.

1 kommentar:

  1. Denne boka las eg fort, kanskje for fort. Og eg reflekterer ikkje så mykje som du.
    Men når eg les det du skriv, ser eg at du har rett. Eg syntest tekstane var nokså ujamne, med ein stigande tendens. Elles assosierer han på ein måte som er nokså typisk-altså ikkje etter altfor strenge "reglar". Eg reknar med at eg kjem til å lese desse tekstane om att-i mindre porsjonar.

    SvarSlett