torsdag 1. oktober 2015

Polenkveld 2015

Torsdag kveld hadde vi ein tradisjonell Polen-kveld i bygda. Tiandeklassingane heldt presentasjonar om ulike emne dei hadde fordjupa seg i, knytt opp mot opplevingane på turen i september. Vi hadde besøk av tiandeklassingane, foreldre og lærar frå Hornindal, som vi hadde reist saman med, og elles var det mange søsken, foreldre, besteforeldre og andre i salen. Niandeklassingane og foreldra deira var der òg, og dei hadde ansvar for matsal etter programmet.

Elevane var skikkeleg flinke, og dei sa mykje klokt om tankar dei har hatt etter turen. Hornindalselevane hadde òg nokre bidrag til underhaldninga, og så var det roseutdeling til alle elevar og nokre takkegåver til nokre som hadde gjort ein ekstra innsats.

Gamla fekk òg ei gåve - det var eit tova sitjeunderlag som eg vart veldig glad for. Eg går mykje tur, og eg frys ofte når eg set meg ned.

Under matøkta fekk elevane mimre saman, og vi vaksne fekk prate hyggeleg og ete kaker og annan mat og ta ein kaffikopp. Eg trur niandeklassingane klarte å samle inn ein heil del pengar allereie i dag.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar