søndag 29. mai 2016

Bok 33 2016: "Der fire veier møtes" av Tommi Kinnunen

I denne boka følgjer vi fleire personar på tvers av kvarandre og tida. Det heile begynner i Finland på slutten av 1800-talet, der ei kvinne vel å utdanne seg til jordmor. Seinare blir vi kjende med dottera hennar, svigersonen og kona til barnebarnet, i tillegg til fleire familiemedlemmer. Historiene vev seg inn i kvarandre, og ein kan seie at det dei har til felles er den store einsemda dei opplever, sjølv om dei bur saman med andre. Det er ei realistisk bok, og mykje av handlinga ligg mellom linjene. Eg likte den veldig godt.

2 kommentarer:

  1. Eg hadde planar om å lese den om att-men sidan maskina har kollapsa må eg låne den på nytt. Det gjer eg gjerne.

    SvarSlett