onsdag 25. mai 2016

Kvelden før kvelden...

Hovudet mitt sprengjer snart. To døgn i total isolasjon med bøkene begynner å tære på kropp og sjel. I dag kom sola òg, så då vart situasjonen om mogleg verre.

1000 sider pensum er lese, mesteparten fleire gonger, og teoriar og namn har begynt å feste seg. Likevel er eg frykteleg spent og nervøs for at eg skal få oppgåver eg ikkje er budd på, misforstår eller ikkje greier å skrive godt om.

Slik har mange av elevane mine det. Ikkje berre før eksamen, men før prøver og presentasjonar òg. Dei blir pressa til å presterte, og dei blir vurderte ut frå desse prestasjonane. Av og til er det i "mitt fag", andre gonger skal dei ha prøve like etter den timen der eg syntest dei var lite kreative og arbeidsvillige.

Eg har uendeleg godt av å kjenne dette på kroppen etter 21 år utan eksamenar, men det skal bli uendeleg godt å rydde vekk bøkene og styre med noko anna.

Eg har ei lang "Bucket list" når det gjeld hage, hus, turar og romanlesing. Først skal eg berre kome meg gjennom dei fem timane der det gjeld å hugse og få ned på papiret dei rette tinga.
Litt lei av å ha dette liggande i stova

1 kommentar:

  1. Eg får flash back til 1986. Då var det runde spisebordet nedelessa med bøker som eg fekk rydde bort etter eksamen. DEN kjensla. Ønsker deg lykke til, og ver glad det ikkje er 8-timars eksamen. Eg har stor tru på at du greier deg veldig bra, men om det blir sånn midt på treet er det også greitt. Du har jo jobba i studietida -det gjorde ikkje eg.Lykke til.

    SvarSlett