mandag 16. januar 2017

Bok 5 2017: "En nåde" av Toni Morrison

I denne boka møter vi ulike kvinnelagnader i Amerika på slutten av 1660-talet. Slavekvinnene står mest sentralt, men òg den engelske jenta som får valet mellom å vere tenestejente, prostituert eller gifte seg med ein bonde i Amerika. Morrison er genial når det gjeld å skildre slike kvinnelagnader, mykje fordi ho ikkje skriv sentimentalt og heller forenklar hendingane reint språkleg, noko som ofte har meir effekt. Som døme kan eg nemne at ho omtalar korleis ei gruppe slavekvinner vert valdtekne av ei gruppe menn ved at "mennene sa at de skulle ri dem inn", og at den eine ikkje veit kven faren til barnet hennar var fordi "det var så mørkt, og de var så mange". Elles las eg på nettstaden til forlaget at det er ein roman om "indre og ytre slaveri", noko eg synest var ei fin skildring.

2 kommentarer:

  1. Så mange grusomme kvinneskjebner det har vært opp igjennom tidene, og forsatt skjer slike ting i vår tid. Mye har blitt bedre, men mange steder har kvinners vei for å bli betraktet som likeverdig, og med like muligheter, menn et langt stykke igjen. Jeg er litt usikker på om det er skildringer her som er for sterke å lese om for meg, men Toni Morrison er et navn jeg har merket meg ved flere anledninger. Det var en fin omtale av boka :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg synest absolutt du bør prøve å lese Morrison. Mine favorittar blant romanane hennar er Beloved/Elskede og Tar Baby/Dukke av bek. Lukke til!

      Slett