søndag 9. august 2026

Siste feriedag: spontantur til Grotli og Hjelle

Hundedagane mine vart færre enn forventa då Svigerson henta sine hundar tysdag kveld. Det vart stille i huset då dei for, og det var heilt i orden! Onsdag hadde eg sendt bod på Minstemann for å få hjelp med hundepass medan eg var til tannlege, og det enda med at han fekk klipt plenar og høgtrykksspylt veranda og svaberg før han reiste att fredag. Bladfyken var her og saga ned tre m.m., og sjølv var eg som sagt til tannlege og til frisør, og så laga eg vel middag. Elles var det ikkje mykje eg bidrog med. 

I dag er det siste feriedagen, og eg kjende i går at eg måtte finne på noko kjekt siste dagen. Vêret har vore ekstremt stusseleg siste tida, og eg kjende brakkesykja kome snikande. Derfor foreslo eg for Bladfyken at vi skulle ta oss ein biltur. vi tok med hundane i tilfelle vi fekk lyst til å gå tur, men det pøsregna heile vegen til Oppstryn, for å seie det slik. Då fann vi på at vi skulle sjå om det var finare på Strynefjellet, og sette derfor av garde til Grotli. Der var det litt lettare vêr, men heller ikkje der kom ein heilt unna regnet.

Attende i Oppstryn stakk vi innom Gamlebutikken på Hjelle, der dei er kjende for sin "Afternoon Tea". Ein får velje mellom to sortar smørbrød og to sortar kake, og i tillegg fekk ein ein scone med krem og jordbærsyltetøy. Ein får òg velje mellom kaffi og te. Bladfyken heldt av bord medan eg bestilte, og då vart det rekesmørbrød og ostekake, og så valde eg te - sidan det var Afternoon tea. Måltidet var større enn forventa, og alt smakte nydeleg. Det vart servert på gamalt porselen, og i butikken sel dei diverse porselen òg. Eg kjøpte meg eit krus til minne om dagen. Dei sel også brukte bøker, og Bladfyken kjøpte seg ei visebok. Gamlebutikken må berre opplevast, og vi skal garantert attende dit. Der er ikkje ope anna enn i helgane ut august, men det er vel verd eit besøk. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar