mandag 4. februar 2019

Dagens dont

I dag skulle eg starte opp eit nytt kapittel i internasjonal engelsk, og det første temaet var utdanning i utlandet. Eg hadde lagt nokre lause planar om korleis eg skulle skrive nokre stikkord på tavla om kva ein tenkjer over når ein vurderer å studere i utlandet, og rekna med at denne sekvensen ville ta fem minutt, før elevane skulle kaste seg over tekstar og oppgåver i boka. Det eg ikkje hadde rekna med, var at elevar med bakgrunn frå skulegang i andre land, som Italia, Tyskland og Eritrea, brått fekk lyst til å dele med klassen sine erfaringar med norsk skule samanlikna med det dei var vane til. Dette utvikla seg til ein sekvens som varte i tre kvarter, og dersom dei heilnorske elevane lytta, fekk dei ein del å tenkje på. Kort oppsummert:

  • Norsk skule er veldig avslappande, med få prøver og lite lekse
  • Reglane på skulen vår er ganske frie. Ein elev nemnde at på hennar skule i heimlandet var det ikkje lov å tygge tyggegummi eller gå med treningsklede
  • Elevane i andre land skriv meir på papir med penn i staden for å bruke PC
  • Forholdet mellom elevar og lærarar på skulen vår er uformelt, og elevane kallar lærarane med fornamn
  • Lærarane i Noreg vil hjelpe elevane og forklare dei det dei ikkje forstår, medan lærarar i andre land seier til elevane at dei må ta seg saman og studere hardare dersom dei gjer det dårleg på ei prøve
Og kva er så best? Sjølv om det kan vere mykje dei saknar frå heimlandet, som tryggleiken ved å bruke skuleuniform eller ha klare reglar og sterk disiplin, meinte eit par av dei nemnde elevane at dei vil få problem med å gå attende til reglane i heimlandet etter å ha gått på skulen vår.

Timen fekk ei anna og langt betre vending enn eg hadde tenkt på førehand, slik det ofte går i undervisningstimar. Ved å lytte til desse elevane kunne eg etterpå lett gjere eit poeng av at når norske ungdomar skal studere i utlandet, kan det by på problem for dei å tilpasse seg den nye kulturen. Samtidig lærte dei heilnorske elevane implisitt at det å gå på skule i eit anna land er lærerikt, og at ein i møte med ein ny kultur kan lære meir om seg sjølv og sin eigen kulturelle ståstad.

1 kommentar:

  1. Veldig bra! Norske elevar er vel nokså "bortskjemt" samanlikna med dei som kjem frå andre land. Eg trur nok det kunne bli vanskeleg for mange å kome ut i verda der det er strengare enn her. Då eg gjekk på gymnas hadde vi det minst like fritt som no, men vi kalla ikkje lærarane med fornamn. Elles gjorde vi om lag som vi ville-men måtte ta konsekvensen når eksamen kom.

    SvarSlett